Enzyklothek
Cover für SAMLA

SAMLA

Bergen; Universitetet Bergen 2021

Online editions:

Language

  • english
  • norwegian

Uniform title

Om SAMLA

SAMLA er det norske digitale arkivet for tradisjonsarkiv og kulturhistoriske arkiv. SAMLA inneheld eit stort mangfald av kulturelle uttrykk og praksisar, både frå fleirtallsbefolkninga, minoritetsbefolkninga og urfolkskulturar i Noreg. Saman gir samlingane eit godt bilde av utviklinga av kvardagsliv, førestillingar og verdisyn.
Anna Grostøl intervjuer Terje O. Austenaa, født 1841. Tovdal 1936. Foto: Norsk folkemuseum. NF.14066-006.
Ved søk i SAMLA blar ein seg gjennom originaloppskriftene folkeminnesamlarane på 1800- og 1900-talet noterte ned på reisene sine som grunnlag for å bevare og studere kultur og historie.
Det er vidare mogleg å gå gjennom systematiske og skjematiske innsamlingar med bruk av spørsmål og svar for å kartleggje skikk, tru og arbeid i heile landet.
Arkivet inneheld eit rikt materiale som blant anna omfattar eventyr, segner, balladar og annan songtradisjon, svartebøker, tradisjonar knytt til liv og helse, vêrteikn, juletradisjonar, ølbryggingstradisjonar, mattradisjonar, plantetradisjonar, handverkstradisjonar og dokumentasjon av eldre driftsformer i jordbruket og mykje meir.
SAMLA inneheld samlingar frå landets tre største tradisjonsarkiv:
Norsk Folkeminnesamling (NFS) ved Universitetet i Oslo.
Norsk etnologisk gransking (NEG) ved Stiftinga Norsk Folkemuseum.
Etno-folkloristisk arkiv (EFA) ved Universitetet i Bergen.
Dei eldre samlingane frå NFS og EFA er digitalisert og gjort tilgjengelege på SAMLA.no. Dette utgjer omtrent halvparten av det digitale arkivet. Den andre halvparten er spørjelistene frå NEG. SAMLA inneheld alle spørjelister og svar frå NEG fram til 2016.
SAMLA er ope tilgjengeleg i tråd med FAIR-prinsippa (Findable, Accessible, Interoperable og Re-usable) for forskingsdata. Det meste av materialet er ope tilgjengeleg med CC-lisens. Av omsyn til personvern og opphavsrett er likevel noe av materialet tilgangsavgrensa.
Arkivet har blitt bygd mellom 2020 og 2024, arbeidet har vore leia frå Universitetet i Bergen. Universitetsbiblioteket i Bergen har ansvar for den tekniske utviklinga. NEG ved Norsk Folkemuseum og NFS ved UiO, samt Institutet för språk och folkminnen (Sverige) er partnerar i prosjektet. SAMLA er finansiert av Norges forskingsråd sitt INFRASTRUKTUR-program.